Norgesmeister Silje Kvamsdal er tilbake hjå Capilli
Publisert 22/11/2023

Silje Kvamsdal frå Eidfjord vann sin fyrste (av 5!) NM-titlar då ho framleis jobba på Capilli i 2007.

– Evy var min fyrste mentor, og ho har lagt mykje av grunnlaget for den frisøren eg er i dag, fortel ho.

Kvamsdal har jobba som frisør på Visit Your Hair i Bergen i ei årrekke, og ho har vunne NM heile fem gongar(!), og delteke i fleire EM og VM, ofte saman med Evy frå Capilli.

– Me har reist mykje saman i konkurransesamanheng opp gjennom, og me har det alltid kjekt i lag! Silje er heilt rå som frisør – veldig effektiv, teknisk og med auge for detaljar, meiner Evy, dagleg leiar hjå Capilli.

Dei siste åra har Silje hatt pause frå frisørfaget, og konsentrert seg om familie og butikkjobb.

– Eg har sakna å vera frisør, og spesielt det sosiale. Det er jo ein luksusjobb eigentleg, å få jobba med å få folk til å føla seg fine kvar dag, seier Silje.

Silje er ein knallsterk "all around"-frisør med god kundeforståing og generell klypp, herreklypp og striping som spesialitetar. Ho er lett å prata med, men kan og køyra "stilleklypp" når kunden helst vil det.

Ho er open for booking i appen og på nettsida – prøv ho då vel!

Flere artikler