– Eigentleg ville eg ikkje bli frisør, men eg angrar ikkje!
Publisert 19/12/2023

Vilde starta som lærling på Capilli sommaren 2019 og tok fagbrevet med glans i 2021 – ho fekk den beste karakteren det er mogeleg å få: "Meget godt bestått"!

Kva var det som gjorde at du ville bli frisør? spør me ho.

– Eigentleg ville eg ikkje bli frisør, men eg angrar ikkje! Det er eit spennande fag der ein får gjort mykje kreativt, og eg kjenner at eg er god på arbeidsoppgåvene, noko som gir meistringskjensle, fortel Vilde.

I tillegg trekk ho fram det gode arbeidsmiljøet på Capilli som ein viktig trivselsfaktor.

Dagleg leiar Evy Merethe Lunde hjå Capilli beskriv Vilde slik:

– Ho er rolig, flink til å lytta til kundane og alltid på jakt etter å læra noko nytt. Ho er fagleiar i salongen, som vil seie at ho har ansvar for opplæring av lærlingar, og ho har allereie opparbeidd seg god forståing når det kjem til å sjå kva som kler kunden. Desse kvalitetane har gjort ho til ein svært populær frisør, så du må booka ho i god tid!

Vilde er alltid klar for nye utfordringar, har teke ei rekke kurs og har tatt bronsemedalje i Kreativ farge i NM 2023.

Nokre av spesialitetane hennar er herreklypp, striping, farge og generell klypp. Følg ho gjerne på instagram for å sjå meir: @hairbylyngstad

Flere artikler